Dugnad i Vonheim laurdag

Publisert av:
5/5/2011 06:39

På planen over kva som skal gjerast står både snikkararbeid, vasking, sjauing, innrednig, rydding m.m.

Nokre av hovudpunkta er at det skal skiftast nokre vindauge, sprosser på vindauga skal skiftast, huset skal vaskast ut, og det skal ryddast både inne og ute.

Her er det noko å ta tak i for alle.

Så dersom du har anledning, og ser nytta av at me har eit stort og flott ungdomshus midt i smørauge i bygda, ta på deg arbeidsklede og ver med!

Vel møtt!