Dugnad for klassetur
21/9/2012 21:07
Det er planen at dette skal gjennomførast også for årets 10.klasse – turen blir i juni 2013.
Ein slik tur er kostbar og ein er avhengig av å få inn pengar bl.a. ved å jobbe dugnad.
Har du/ditt firma oppgåver som kan utførast av elevar og/eller foreldre så er me interessert i å høyre frå Dykk.
Alle bidrag – store eller små – er like kjærkomne!!
Arbeidsoppgåver kan vere:
– rydding på loft eller i kjeller
– maling
– fjerning av boss, buskar og kratt
– vekk-kjøring av avfall
– varetelling
– anna forefallande arbeid.
Me ber Dykk tenke gjennom om det er noko de kunne tenkt Dykk å få utført – samstundes som dette er ei glimrande anledning til å marknadsføra eiga bedrift for framtidig lokal arbeidskraft! Ein gjeng flott ungdom er klare for oppdrag!!
Ta kontakt med Trond Helland (trond.helland@marinegruppen.com) eller Ingrid T. Stue (ingrid.tysnes.stue@haugnett.no) for nærare info.