Foto: Simen Prestaasen/Den norske kirke

DROP-IN-BRYLLAUP

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/1/2025 11:46

I fleire år no har me fylgt Den norske kyrkje si anbefaling om å ha Drop-in-dåp, noko som me ser har blitt fint for mange familiar. Derfor vil me no og prøve ut konseptet med Drop-in-bryllup på sjølvaste valentinsdagen 14. februar kl. 13-17.

Og som heddingen seier handlar det om å komme denne dagen og få gjennomført ein vigsel utan at det kostar noko. Det einaste som er påkrevd er at ein tar med dei nødvendige papira frå Folkeregisteret som godkjenner at ein kan få gifte seg (prøvingsattest). Desse papira får ein digitalt, og det tar ikkje så lang tid no i den digitale verda.

Kvifor velje drop-in- bryllup?

Førestillinga om kyrkjebryllup er ofte stort selskap, mange gjester og stort budsjett. Slik treng det ikkje vere. Bryllup er feiring av kjærleiken – uansett. Når ein giftar seg set ein ekteskapet og forholdet inn i ein større samanheng. De og livet dykkar blir bedt for i ei vakker kyrkje, med musikk og tekstar som rører ved livet.

I Drop-in bryllup kan ein komme i joggesko og berre ha med vitner (forlovarar), eller pynta med gjester om ein vil det. Me i kyrkja på Tysnes kjem til å dekke bord og servere kake og kaffi i kyrkjestova for dei som måtte ha lyst til å komme innom.

Kjenner de at de har lyst til å nytte dette høvet, er de hjarteleg velkomne til Tysnes kyrkje Valentinsdagen 14. februar.

Les meir om drop-in-bryllaup her: https://www.kyrkja.no/…/bryllup-i-den…/drop-in-bryllup/

 

Isabell Epland Østby Kyrkjelydspedagog/Tysneskyrkjelydane