Draum på 960 nautiske mil.

Publisert av:
16/6/2014 10:44

Tanken og ideen har vore der sidan 60-talet, og for vel eit år sidan vart båten kjøpt inn og førebuingane til turen starta.

Båten som er 16 fot, vart bygd om med eit lite dekk foran med solcellepanel og ei kalesje som dekker heile båten som han nyttar ved overnattingar. Det mest spesielle er nok årene han har funne opp og konstruert sjølv. Dei er ledda med eit trinsesystem, noko som gjer at han kan ro vanleg samtstundes som andletet er i fartsretninga.
Sjå video og reportasje her.

18. mai starta roturen med båten som har fått namnet “Gerd Synnøve”. Syvertsen reknar med at turen vil ta to til tre månader og satsar på å ro rundt ni timar kvar dag.

Til Tysnes kom han fyrst til Bålholmen, for så å ro til Tveit. Her venta han på rolegare vindforhold før turen gjekk til Bergsvågen der han overnatta til i dag.

Meir om turen kan du lese på facebook her.