Dødsbra
18/1/2010 19:07
Søndag 17/1 var kampen komen til Fana2. Me tapte knepent med 2 mål heima før jul. Noko me følte var eit urettferdig tap, så me var veldig gira på å revansjera det tapet!
1omg starta utan at me var på banen. I alle fall om ein ser på det med sprotslege auge! Fana fekk gjera nett som dei ville. Me stod som saltstøtter i forsvar og serverte den eine opninga etter den andre, så leiinga deiras var på 11-17 til pause.
2.omg begynte, og NO var me med! Stakkars Fana….dei møtte bokstaveleg veggen etter sidebyte. Me plukka dei så totalt ifrå kvarandre at frustrasjonen låg tjukt utanpå dei. No sat forsvaret som det skulle, og då var det berre til å setta høgt tempo motsatt vei. Sagt men sikkert åt me opp leiinga deiras. Det stod 21-21 ca 10min før slutt, men me haldt same tempo resten av omg, og vant så fortjent så fortjent 23-26! Aldri har vel ein seier smaka betre enn denne. Sjølv om pauseresultatet kunne skremt kven som helst, er det viktig å aldri gje opp i handball. Der skjer mykje på ein gong, og ting endrar seg fort! Å vinna er alltid kjekt, men sånne kampar er ubeskrivelege. Aldri har me hatt ein kamp der 2 omg har vore så forskjellige som dag og natt, så det var nok ein skikkeleg ”trykk16” for Fana! Men hjelpe meg så dødsbra av oss!!!! Både psykisk og fysisk
Heila laget var heilt rå i dag, men øvst på scoringslista kom Silje med 7mål. Ingvild rett bak med 6(1str)mål. Resten av laget: Celine, Ida(1str),Ingse, Lene4(1str), Agnethe, Hilde Anette, Victoria, Sara Elisabeth 1, Janne, Marion 2, og Hege 5
Til helga, laurdag kl.16,50, er det heldigvis heimakamp (så me slepp å tenka på reise og dumme ferjeruter) Då får me nok ein tøff kamp, når Bjarg kjem på besøk. Håpar mange kjem å heiar jentene fram til to nye viktige poeng!!