Di meining

Publisert av:
25/7/2017 11:12

Ikkje så mange tok seg tid til å delta på siste «Di meinig» som vart lagt ut like før Tysnesfest. 119 stemmer kom inn denne gongen.

30% ville få med seg mest mogleg av konsertane, og hadde sikra seg festivalpass.

Det vart jamn fordeling mellom alternativa «Gjesterommene er klare» og « Mat og drikke er handla inn» med hhv 20 og 21%.

13% var klare for Såtekonserten og hadde fjellskorne nypussa.

12 % hadde ferie og «var klar som et egg!»

Ikkje alle er like opptekne av festival-kle, for berre 3% valde alternativet «Tysnesfest-effekter frå topp til tå»

 

Vi er no inne i siste veka i Juli, og sommaren er her. 

For mange er dette ei kjekk tid, men ikkje alt sommaren bringer med seg er like positivt

No lurer vi difor på kva du likar MINST med sommaren!