Publisert av:
26/1/2015 10:26
Det som er så bra med biblioteket
Trudde du at det kosta pengar på biblioteket? Nei, det gjer det ikkje. Alle våre tenester er gratis.
Det kostar ingenting å få eit lånekort, som du kan bruka på alle bibliotek i landet viss du er over 15 år. (Er du under 15 år får du eit lokalt lånekort).
Og om det er noko me ikkje har i hyllene, skaffar me det. Det kostar heller ikkje noko.
Dessutan kan du koma og gå og vera så kort eller så lenge du vil – det er også heilt fritt.
Dette er del av ein kampanje frå Tysnes folkebibliotek.
Meir info på www.sunnbib.no