Der det er hjerterom…

Publisert av:
12/7/2015 06:40

Det vart tidleg fullt på Camp Tysnesfest, og det var ikkje alle som hadde tekt at dei måtte bestille på førehand.

Men på Tysnes ordnar det seg!

Fleire tilreisande la inn meldingar på facebook, og fleire av dei fekk napp.

Kjersti Enes, som bur i Kvinnherad, fekk teltplass, i ein hage sentralt i Våge.

Ho har sendt oss desse bileta frå “privat campingen”.
-Kjekke folk! Vi storkoser oss på Tysnes.

Frå Os kom Sonja Vermedal som også fekk privat plass til bubilen.

Då er vi vel innkvartert i Våge seier ho, og vil retta ei stor takk til dei som stilte parkeringsplass til disposisjon under Tysnesfest.