Deltok i Finnmarksløpet
16/3/2010 19:55
Den utflytta tysnesingen Tormod Onarheim kom i dag i mål som nummer 30, 18 timar bak vinnaren Ola Wingren frå Finland. Du såg kanskje på fjernsynet laurdag at det var kronprins Haakon som opna Finnmarksløpet.
Onarheim låg lenge an til ei betre plassering enn nr 30, men siste etappen vart tung å gjennomføra for dei firbeinte. Hovudleiaren i spannet, hunden Selje, vart nemleg satt ut tidlegare i løpet på grunn av skade. – Dermed var det ingen av hundane som “tok ansvar” når det begynte å butta i mot, og det heile enda med parkering på fjellet i natt, fortel Berit Seljestokken til Tysnesingen. Ho er sambuaren til Tormod Onarheim.
– Parkering betyr i praksis at hundane ikkje vil gå meir, og legg seg ned for å kvila! Det enda med ein ufrivillig pause på nærare 11 timar natterstid midt på Finnmarksvidda, i -25 grader! seier ho.
Finnmarksløpet består av to klassar: 500 km og 1000 km. Ein må fyrst ha fullfort 500 km for å delta på 1000 km.
Bakgrunnen for at Onarheim deltok for fyrste gong, var at eigaren av ein hundekennel vart skada. Tormod og Berit har hjelpt til på denne kennelen, og då eigaren øydela seg rundt juletider, fekk Tormod tilbodet om å steppa inn. Det vart masse trening fram til startdatoen for den utflytta tysnesingen.
Trening til Finnmarksløpet startar normalt i august, og kvar hund går ca 3000 km trening fram til løpet startar.
Alle bilete: Berit Seljestokken