Dei to siste banda til kveldskonsertane på Tysnesfest-isj
8/6/2021 21:32
Pop-kometen Synne Vo og fantastiske Highasakite kjem til Tysnesfest-isj!
Highasakite er kanskje eit dei banda i Norge som er aller best på å fanga deg i ein verden av magiske tonar og kjensler. iTromsø.no oppsummerte konserten dei hadde i førre utselte turnè slik: “Det mest helhetlige og gjennomført storslåtte man finner blant norske band i popsegmentet.”
I Februar 2019 slapp bandet albumet Uranium Heart, til fantastiske anmeldelsar, blant anna terningkast 5 i Aftenposten og Dagsavisen. Ein skal ikkje høyra så lenge på radio før ein får med seg at Highasakite har mange låtar inne i A-listene til fleire radiokanalar.
Covid har sett ein effektiv stoppar for dei aller fleste større konsertane til Highasakite, men dei har brukt det siste året godt, og har skreve ny musikk, men også omarrangert ei rekke låtar til fantastiske og nye versjoner for ein svært eksklusiv turné.
Highasakite har blitt eit av våre aller mest folkekjære band, og dei har toppa plakaten på alle dei store norske festivalane. Dei har vunne flust med prisar, opptredd på Nobelkonserten, og turnert verden over fleire gonger.
Ein av dei store norske festivalane Highasakite har besøkt før er Tysnesfest, og no gler me oss verkeleg til å ta imot dei igjen til Tysnesfest-isj!
Highasakite speler på E-brygga fredag 9. juli 2021
Synne Vo kjem til Tysnesfest-isj
Kjem Norges nye popstjerne fra Gudbrandsdalen? Me føler oss ganske sikre på det!
Synne Vo er ein 22 år gammel artist og låtskrivar fra Lesja i Gudbrandsdalen. Med sin sjarmerende dialekt formidlar ho kvardagslege tekstar i eit organisk og fengande lydbilde. Eit framifrå friskt pust på den noske popmusikk-scena, og ein artist me kjem til å høyre mykje frå i framtida.
Synne deler historiar frå eit ungpike-liv med relaterbare opplevingar og tankar. Her treff me sekstenåringen som blir full på pappas gin, ein kan kjenne på lengselen til heimstaden sin og staden ein var forelska for fyrste gong.
«Ett minutt» ble lansert 8. januar og blei same veke Ukas låt på P3, addet på P1 sine spelelister. I tillegg trilla VG en femmer på terningen, og skreiv blant annet: «Nydelig og troverdig vart, med et forsiktig støttende arrangement. Lesja i Gudbrandsdalen har hittil fostret flere skiskyttere enn popstjerner. Her endrer det seg i løpet av ett minutt.»
Hennas andre utgivelse på Warner var Astrid S coveren «De e ok um du glømme me» som Synne la ut på Tik Tok og fikk flere tusen visningar på, og kor det meir eller mindre ble eit krav fra fansen om at denne måtte ut på Spotify. Låten ble og Ukas låt på P3.
Desse er pr. no lansert til Tynsesfest-isj 2021:
Torsdag: Bjørn Eidsvåg og Stavangerkameratene
Fredag: car.pool og Highasakite
Laurdag: Synne Vo og Hellbillies