Publisert av:
25/11/2013 07:29
Damelaget
Tysnesdamene gjekk raskt opp i leiing og leia gjennom heile første omgang, men Bønes hang med. Pauseresultatet var 12 – 9.
Andre omgang starta litt tregt og måla var vanskelig å få inn. Bønes ligg to mål bak og Tysnes mista ballen ein del gongar. Så fekk Tysnes tre straffer til seg og Eirin sette inn alle tre. Ragnhild redda masse i andre enden og dei drog i land sigeren. Dei vant velfortent 21 -17.
Desse var med. Ragnhild Dalland, Sara Elisabet Stue (4), Lovise dalland (1), Isabell Rosvold Vik (2), Celine Vevatne (1), Eirin Dalland (10), Cecilie Fagerbakk (1), Silje Helland (1), Linda Flornes, Malin Kongsvik, Agnethe Flakke (1)
Tekst og foto: Lena Epland