Publisert av:
12/8/2016 09:12
Dagens ros!
I går køyrde eg dottera mi til Våge for å ta båten til Reksteren kl 1405. Men der var ingen båt.
Ringte Rødne og fekk stadfesta at det skulle gå båt . Dama skulle sjekke og fekk beskjed frå båten at dei hadde vore der på ruta og endå venta litt.
Vel, det vart å køyre jenta til Reksteren. Men i dag, dagen etter ringer dama frå Rødne og fortel at båten hadde blingsa på ruta og gått kl 14. Rødne orsakar og tilbyr gratis tur for oss begge.
Når det vart som det vart, så viste Rødne stor vilje til å ordne opp.
All honnør til dama på Rødne!
Helsing
Øystein Utne