Dagens ros

Publisert av:
16/7/2011 17:22

Søndag på Tysnesfest var eg i Kjevikjo og fekk med meg Ole Edvard Antonsen. Dette var ei kjempeflott oppleving.

Då eg køyrde heim att ned til Våge og innover mot Gjerstad var det ikkje eit søppel å sjå langs vegen. Fantastisk å sjå at Tysnesfest-gjengen hadde fått rydda opp så fort etter alle dei tusen som var på festivalen.

Kjempeflott!

Helsing Solveig Helvik