Dagens bilete

Publisert av:
24/2/2015 12:23

Gutane synast det er kjekt med vinterferie når ein kan gå Eventyrvegen i Trollskogen. Denne eventyrverda ligg på Leirvik like ved skøytebanen på Stord.
Her er det mange flotte troll! Nokre store og nokre små, nokre er godt synlege, medan andre ser du berre augene av der dei kikkar fram under ein stein. 

Kanskje hadde det vore artig om ein fekk noko slikt på Tysnes også, seier Cecilie Harsvik Storetvedt til Tysnesingen.no.