Dag 2 med FotballCup
30/6/2018 19:00
I morgontimane skinte sola frå klår himmel og folk var samla og klare for dag 2 med Tysnes Sparebank fotballcup. Tysnesingen var på plass for å sjekka temperaturen og stemninga på grasmatta.
Laget The Dørmænens med sin artige logo.
Thomas Hagen og Superlaget, varmer opp til kamp.
Ein av favorittane til å vinne cupen, Kristoffer United.
Her har me spelaren Stian Nesse som er ein kjend profil og stjerna til Kristoffer United.
Eit av laga tek seg ein velfortjent kvil mens dei ventar på neste kamp.
Laget Noldus viser at dei bryr seg om folk som slit, og at dei støttar opp om haldninga- nei til narkotika.
Endeleg fekk Feige Lag tatt lagbilete. Dessverre gjekk det ikkje så bra i opningskampen med 3 – 0 tap.
For å sjå kampresultata, les meir her.