Cup stemning i Danmark
26/7/2024 19:56
Denne veka har Njardar for første gong i klubbens historie vore på Dana Cup. Njardar ankom Blokhus seint søndag kveld. Tysdag 23. juli var første dag med kampar.
Dei to laga, J17 og G15, har ei solid gruppe med seg som støttar og heiar ivrig. Totalt er det om lag 80 tysnesingar som har fått oppleve kjekke dagar på Dana Cup, og fått oppleve eit eventyr som har gitt gode minner.
J17 storspelte fyrste kampen, og vann 3-0 over danske Skisby. Etter uavgjort 2-2 mot norske Staal Jørpeland og så 1-1 mot norske Skaun gjekk jentene vidare til a-sluttspelet.
Her rauk jentene ut med 0-3 for det svært gode søramerikanske laget Medika.
Jentene har hatt mykje godt spel med fine mål, og gjort ein kjempeinnsats under cupen trass ein del skadar.
Cupen for G15 starta med 2-1 siger over svenske Vellinge. Ein spennande kamp i solsteiken.
Dagen etter møtte gutane sterke Odin FC frå Brasil, Søramerikanarane er svært gode med ball og kampen enda 1-6.
Gutane sleit litt med skader, men vann likevel 2-0 over Fart i 32-dels finalen i B-sluttspelet.
I B-sluttspelet fekk dei 2-0 siger over MOI i 16-delsfinalen
Fredag 26/7 vart ein spennande dag for guttelaget dei gjekk til kvartfinale etter straffekonk! Keeper Henrik med to fantomtegninger før Benjamin satte inn seiersmålet til ellevill jubel.
Fredag kveld var Dana cup eventyret ute. Danske Sindal slo gutane 2-1 i kvartfinalen. Njardar trøkka på mot slutten, og hadde stolpe og tverrligger skot, men marginene var der ikkje. Men fantastisk innsats av gjengen og minner for livet!
Foto: Njardar / Tysnes IL