Publisert av:
9/7/2012 07:17
Cup dag 3
Siste dag av cupen vart nok ein flott dag med strålande sol og mykje god fotball. Det var nerve i mange kampar, og fleire måtte avgjerast på straffekonkurranse – til glede for dei nøytrale tilskodarane, men nervepirrande for dei involverte spelarane.
Vinnarar av Tysnes Sparebank Cup 2012:
Klasse 1 : Boca juniors
Klasse 2 : Blue Oyster Boys
Klasse 3 : Strekken City
Klasse 4 : Småfiskane
Klasse 5 : HSD
Fair Play prisen : UnRealMadrid
Alle resultater frå sluttspelet finn du på njardar.no.
Njardar/Tysnes vil takka alle som har hjelpt til med arrangementet. Dette var den 16. cupen i rekkja.