Cowboyane inntek Tysnesfest!
7/5/2014 17:53
Leningrad Cowboys avsluttar Gjerstad Arena under Tysnesfest!
Bandet kjem i all si prakt til Tysnesfest med 11 cowboyarar og to dansande “Leningrad Ladies.”
Leningrad Cowboys spelar eit repertoar av eigne låtar, omhandlande russisk folklore, vodka og traktorer, samt coverversjonar av kjente rockeklassikarar som The Beatles, Led Zeppelin og Lynyrd Skynyrd. Alt er pakka inn i eit umiskjenneleg polka-rock’n’roll sound, omkransa av eit spektakulært sceneshow. Det visuelle er ein viktig del av showet – med deira umiskjennelige halvmeterlange rockabilly-sveisar, matchande dresser og sko.
I 1989 laga Aki Kaurismäki den fyrste av tre filmar med Leningrad Cowboys, “Leningrad Cowboys go to America” som er ein av hans beste og mest populære filmar. Saman med filmane “Leningrad Cowboys meet Moses” og “Total Balalaika Show” oppnådde LC stor suksess også i utlandet. I 1994 opptredde dei med sytti medlemmer av Alexandrov Røde Arme Kor og Danse Ensemble på den 11. utgåva av MTV si årlege Music Awards i Radio City Music Hall i New York. Programmet vart sett av 250 mill. menneske, og større publikum er vel nokså vanskeleg og finna. Til daglig er cowboyane profesjonelle musikarar i finske symfoniorkester, men no kjem dei som cowboyar til Tysnesfest, så her blir det garantert god musikk, rockefot som går og mykje moro.
Dette blir heilt kanon!! Eit meir spektakulært avslutningsband til ein festival må ein leita lenge etter!
Lothepus til Tysnesfest!
Med seg i veska, har han den heilt nye plate si: Cowboyhjarta.
Leif Einar Lothe, betre kjend som Lothepus frå serien Fjorden Cowboys, har låst inn kamerastaben og tatt fatt på mikrofonen for ein periode. Denne strontakvasten frå fjorden har saman med ein heidundrande gjeng, kopa i hop ei plata med mykje gode låtar. Viser som bles deg av stolen av glede, og vil få nakkehåra dine til å stå i taket. Med andre ord, det er ikkje berre vakker natur og blømande plommetrær frå Hardanger som kjem til å ta landet med storm dette året.
Bles støvet av cowboyhatten og kom deg på konsert med Lothepus under årets festival. I Bermudateltet står denne mannen med sine musikarar og kosar seg, og du er hjarteleg velkomen.
Musikken er produsert, miksa og gitt ut av” Lyd i Løo Studio” i Øystese. Produsentane Alvin og Vidar har saman med gode fotografar og designarar ordna eit fengande cover med ordentlig cowboypreg. Bileta visar særprega til Lothepus og kor morske denne trioen kan sjå ut. Når ein høyrer musikken vert intrykket eit heilt anna. Med boots, cowboyhatt og frakk vert imaget vedlikehald til dei grader. Slagordet «like barn leikar best» kjem og godt fram når ein høyrer korleis produsentane har kosa seg i Kunsthuset Kabuso i Øystese sentrum. Akustikken i den songen får deg til og kjenna på korleis det er og vera på ein konsert med skikkeleg trykk, og ein kan umogleg la vera å «digga» med.
