CD-slepp og konsert

Publisert av:
14/10/2015 05:53

Barnekoret opna konserten med fin song før dei overlèt scenen til Tysnes Soul Children og Team Sulebakk.

Familien Sulebakk frå Frekhaug skriv musikk, jobbar saman med kor og held konsertar rundt omkring i heile Norge. Fleire jenter frå Tysnes Soul Children har vore med å kora på den nye CD-en som er sleppt i desse dagar.

Eit stappfullt bedehus fekk høyra mange av sangane frå den ny-utgitte CD-en, Elsket, som også er tilgjengeleg på Itunes og Spotify.

Det vart seld mange CD-ar etter den gode konserten. Fyrstkommande søndag skal dei halda konsert i Grieghallen.