Camilla, Roger og Yngve spelar ”Til Deg” i Tysnes kyrkje

Publisert av:
30/10/2012 18:15

Denne gongen er det meir i kyrkjemusikkstilen det er snakk om. Frå kabareten ”Linjer i livsen bok” frå 2009 er songen ”Til Deg” framført instrumentalt. Musikarar er Camilla Sjøvold på kornett, Yngve Nikolaisen på pipeorgel (Tysnes kyrkje) og Roger Sjøvold Dalland på el.gitar.

Kanskje dette òg er ein måte å marknadsføra Tysnes på, iallfall er det mange som har delt songen på facebook dei siste dagane.

Stress ned no fram mot juletida ved å lytta til kornetten, el.gitaren og pipeorgelet i Tysneskyrkja.

Høyr den på Youtube her >>>