Byggjer meir

Publisert av:
19/3/2009 16:38

Som nemnt på Tysnesingen for nokre månader sidan var Tysnes Bolig AS nøgde med interessa for dei nye bustadane som vart bygd ovanfor Triangel/Vonheim. Då var det to bueinheiter som var i gong.

Mykje tyder på at interessa stadig er der for å bu i dette området. Den tredje bustaden er nemleg under oppføring.

Desse bustadane inneheld både leiligheiter for sal og eventuelt utleige av dei som ikkje vert selt. Marknaden har reagert positivt for dette byggjeprosjektet frå starten av, og dermed satsar ein no på det tredje bygget.