Publisert av: Martha Nygård Lande
25/10/2020 08:19
Bygger pumptrackbane i Lunde
Lunde bygde- og idrettslag er i gong med å realisere ein bane for sykkel og sparkehjul ved ballbingen i Lunde.
Bana vil bli laga i kuperte haug og dumper for leik og moro med sykkel, skateboard eller sparkehjul.
Me ynskjer å utvikle området enda betre for fleire aktivitetar. Ein asfaltert bane for sykkel og sparkehjul er no fyrste steg for auka aktivitet i bygda vår, seier Øystein Flakke, leiar i bygdelaget.
Laurdag var 20-30 store og små samla til ryddedugnad for å klargjere for videre arbeid med bane.
Klikk her, så kan du sjå korleis ein pumptrackbane kan sjå ut, og kor mykje kjekt ein kan gjere.