Bygdemøte om kommuneplanen
15/4/2010 19:59
Fyrst ut var Lunde, og om lag 40 personar var møtt fram i Lunde skule til møte i tillegg til ein heil delegasjon frå Tysnes kommune.
Ordførar Helge Hauge innleia og sa at desse møta var til for at bygdelag og folk kunne koma med innspel til planen. Deretter gjekk teknisk sjef Asle Bernt Rekve gjennom planprogrammet som du finn her >>>
Så hadde økonomisjef Knut Hollekim eit innlegg der han peika på dei økonomiske utfordringane kommunen har dei næraste åra med å byggja ny barnehage, ny sjukeheim og opprusting av Onarheim skule. Han peika særleg på kor viktig det er at me får opp folketalet, og då særleg barnetalet.
Også oppvektssjef Helge Kjellevold var innom barnetala. Mellom anna nemnde han den negative elevtalsutvikling me kan framskriva. I dag er det 339 skuleelevar i kommunen. I 2016 seier prognosen at det berre vil vera 273 skuleelevar.
Dernest fekk dei frammøtte koma med innspel. Lunde bygdalag og Jan Magne Straume hadde på førehand teikna inn forslaga sine som gjaldt utviding av byggjefelt, båtmarinaer, industriområde og infrastruktur. Straume såg for seg at det dei neste ti åra ville koma 20-30 nye hus i ‘londabygdo’, og til desse måtte ein også ha båtplassar. Dette var fleire opptekne av. Andre innspel gjaldt hyttefelt.
Rekve sa at Lunde var den bygda i Tysnes som hadde vore flinkast til utbyggjing rundt sentrum. Han ba om at innspel til kommuneplanen bør vera innsendte før 1.juni.
Dei andre bygdemøta har fylgjande tidspunkt:
Måndag 19. april kl. 1800 i Tveit skule.
Torsdag 22. april kl. 1800 i Reksteren skule.
Måndag 26. april kl. 1800 i ungdomshuset i Våge.
Torsdag 6. mai kl. 1800 i ungdomshuset i Uggdal.