Publisert av: Martha Nygård Lande
28/9/2020 08:57
Buss streiken rammar også Tysnes
Frå laurdag 26. september, vart buss streiken utvida, og gjeld no også i Vestland fylke.
Buss streiken fører til at ingen av Skyss sine bussar køyrer som normalt.
Dette rammar også skuleskyssen i Tysnes kommune. Fram til streiken vert avslutta, vil det ikkje gå buss til og frå skulane.
På Tysnes skule si heimeside vert føresette oppmoda om å gå saman om køyring, samstundes må ein hugse på smittevern og 1 meters regelen for elevar som ikkje er i same kohort/klasse.