Publisert av:
2/12/2010 07:22
Buss i veke 49
Som tidlegare nemnd så vert kaien i Våge stengt i perioden 6. – 10.desember. I mellomtida vil det gå skyssbåt.
Kva skjer så med ruta til den faste rutebussen mellom Våge og Haukeland kl. 0810 og retur til Halhjem kl. 1535? Svaret frå Tide om dette er som følgjer:
– Båten går frå Våge kai kl 08.00 til Osøyro. Deretter baserer me oss på line 600 frå Osøyro til Bergen. Eventuelle reisande til Haukeland må nytta annan transport frå hovedlinja og opp til Haukeland. På retur legg me opp til Linje 600 med avgang Bergen kl 14.45 med overgang til linje 604 frå Osøyro kl 15.35. Passasjerbåt går frå Halhjem kl 15.45.