Publisert av:
7/5/2010 18:51
Bunnpris frå 1.juli
Amlies Mat skal selja butikken til Bunnpris. Ut mai månad vert varebehaldninga selt ned.
– Eg vil oppfordra kundane å koma og handla ut månaden, for eg lyt selja ut alt me har i butikken, seier Marthe Amlie til Tysnesingen. I eit oppslag ved butikken står det at ein kan koma over gode tilbod i tida som kjem fram dørane vert stengde 1.juni.
I heile juni månad vil butikken vera stengd som følgje av oppussing og ombyggjing til Bunnpris-kjeda. 1.juli vil etter planen Bunnpris opna.