Publisert av:
25/4/2012 18:39
Brukar lite alkohol
Sunnhordland skriv i dagens avis at ungdomsskuleelevane på Tysnes brukar lite alkohol. Dette kjem fram i ei ny undersøking.
Det vart i november i fjor gjort ei undersøking i åttande, niande og tiande klasse. Tala i undersøkinga viser at nesten dobbelt så mange vel å ikkje drikka i det heile, samanlikna med liknande undersøking i 2002.
Debutalderen med alkohol på Tysnes er 14,1 år for gutar og 13,3 år for jenter.
Undersøkinga viser også at det ikkje er nokon som brukar illegale rusmiddel blant ungdomsskuleelevane ved Tysnes skule.