Publisert av:
18/11/2009 12:13
Bruk refleks!
Ved Lunde skule har det pågått ein reflekskonkurranse dei seinaste vekene.
Konkurransen er no avslutta, og vinnar vart 3.-4.klasse. Alle elevane i klassen nytta refleksvest kvar dag i dei 14 dagane konkurransen varte, og difor vann dei, skriv Lunde skule på si nettside.
Oppfordringa må vera at alle vert like flinke som desse skuleelevane å bruka refleks no når det er som mørkast. Refleks reddar liv!