Bru-analysane er ferdige

Publisert av:
13/11/2016 12:30

Det er analysert tre brutypar, alle i to variantar:

1. Flytande hengebru i stål og flytande hengebru i betong.
2. Flytebru med og utan sideforankring.
3. Røyrbru med pontong, utan forankring, og røyrbru utan pontong, men med forankring.

– Det som er gledeleg er at alle brukonsepta teknisk sett er gjennomførbare, seier Mathias Eidem, prosjektleiar i Statens Vegvesen, til Midtsiden.no

Store prisforskjellar
Det er store prisforskjellar på dei ulike brualternativa. Det dyraste alternativet er heile 80% dyrare enn det billegaste.

Vegvesenet har ut frå analysane landa på ei anbefaling til type bru, men vil ikkje offentleggjera denne på noverande tidspunkt.

Alle bruanalysane kan ein lasta ned og lesa på vegvesen.no. Desse er utarbeida for fagfolk på området og er såleis ikkje så lettlest for folk flest.