Braut seg inn

Publisert av:
24/11/2010 10:27

I helga hadde nokre eldre ungdomar fest i Våge. Tre ungdomar i 16-17 års alderen ringte på og ville inn på festen. Det fekk dei ikkje lov til av dei eldre ungdomane.

Etter å ha blitt avvist braut dei tre gutane seg inn ei bakdør i husværet, men dei som hadde festen fekk jaga gutane ut.

Då politiet kom til staden var dei tre gutane reist heim, men politiet opplyser til sunnhordland.no at dei veit godt kven dei er frå tidlegare episodar og at det vil bli oppretta sak mot dei.

Det er sunnhordland.no som melder dette.