Bowling 2.div avd. 2

Publisert av:
12/12/2008 21:12

2. divisjon pulje 2 har ein runde i gjen i neste veke før serien er halvspelt. Her har to lag skilt seg ut; Dalland Bygg/Os maskinindustri med Knut Leite, Sveinung Årskog og Johnn Årskog og Tysnes kommune rådhuset 2 med Einar Aslaksen, Nils Flakke, Hildegunn Flakke og Nils Eivind Hansen. Desse to laga har også dei to høgaste snittpinnefallet i 2. divisjon og ligg an til opprykk. Einar Aslaksen spelar godt og hadde sist eit pinnefall på 180 medan Knut Leithe hadde 189 og 187 og Sveinung Årskog 191. Med jamnt godt spel vert desse laga vanskeleg å ta.