Publisert av:
17/9/2012 12:53
Bortesiger
Søndag hadde dei sin fyrste kamp borte mot Askøy3.
1.omg var det stort sett einvegskjøring. Stillinga var 17-7 til pause, og det meste ein prøvde seg på, vart vellykka!
2.omg starta veldig rufsete fra Tysnes si side. Askøy fekk inn 5mål før Tysnes var ferdig med «sin pause». Men derifrå og til slutt, var kampen vår. Askøydamene vart rett og slett øvekjørt. Tysnes kontra og kontra, og leika seg til ein storseier. 13 kontringsmål seier sitt. Sluttres vart 34-15.
Desse var med: Therese O.Kleppe, Silje Helland(5), Isabel R.Vik (BB – 4), Inga Jensen (1), Linda(4), Evelyn Frugård, Eirin K. Dalland(2), Birte R.Vik, Linn Bergesen(3), Sara Elisabet Stue(8), Celine V.Lunde(6), Maria Haaland(1)