Bondens Marked

Publisert av:
24/7/2010 07:36

23. og 24.juli er det “Bondens Marked” i by’n. Leiar for marknaden er 19 år gamle Morven Muilwijk frå Myrdal Gard som er på plass med bod saman med faren Ab Muilwijk.

Det er lokalprodusert mat som vert seld på “Bondens Marked” og folk kjem i direkte kontakt med dei som lagar maten. Og lokalprodusert mat er blitt svært så populært dei siste åra. “Bondens Marked” fins no i 25 byar og tettstader landet rundt og det er blitt ein viktig arena for produsentane å få seld varene sine.

Så er du i by’n i helga, kan du besøka “Bondens Marked” på Bryggen i dag mellom klokka 11 og 17.

Du finn meir info her >>>