Publisert av:
29/4/2009 16:33
“Bømlo” tilbake
– Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg at “Bømlo” var tilbake på gamle trakter, fortel pendlar Morgan Espelund til Tysnesingen.
– Rekna med det var ein dårleg spøk frå Tide, men jammen lasta den oss ombord, seier han.
– Eg fekk heilt flashback, og det einaste som mangla der me sat under vannskorpa i dag var dansken med dei gamle grillpølsene og den sure kaffien som putla, seier ein lettare “sjokkskadd” Espelund.
Og sluttar: – Vel, artig var det etter gammelt og ikkje noko å sei på at me i tillegg reiste gratis då mannskapet ikkje hadde noko å ta betalt med. Det blir nok heimekontor på meg i morgen med tanke på kaoset…