Blueskonsert

Publisert av:
9/12/2013 21:01

Anledninga er 10 års jubileet av vårt kjære Big Men Bluesband! Det blir på Mandelhuset laurdag 14. desember.

Før konserten kan Sjøhuset tingast til pinnekjøtmiddag.

Vonar så mange som mogleg kan ta turen denne kvelden, det er tross alt ikkje kvart år det er eit 10 års jubileum! (meir nøyaktig kvart 10. år faktisk!)

I tillegg har me tinga Tysnesbussen for tur/retur Onarheim-Lunde-Våge.

Nokre velvalte ord frå det eminente bluesbandet sjølv:

Me vil feire ti år med meir eller mindre samanhengande øvingar. Den samla vekta på bandet har vel økt noko sidan me byrja, men skal ein stå bak namnet så må man bare henge i.
Musikksmaken er mykje den same, men det høyres noko betre no enn for ti år sidan.
Alle er blitt fedre til små bluesfolk som me bruker tid til å omvende frå barnesang til den mektige blå musikk som kom over oceanet ein gong tidleg førige århundre. Me har lyst til å spele litt gammalt frå byrjinga og litt nytt. Det blir stor bluesmusikk med mykje innleving.
Håpar folk vil ta turen og feire ilag med oss. Ole har fått seg nye trommer og!
Håpar me sjåast!

Praktisk info:

Konsertstart: kl:22:00
Billettpris (i døra): 100,-

Pinnekjøt m/dessert i Sjøhuset.
Servering på felles langbord i Sjøhuset.
Velkomst: 20:00
Servering:20:30

Kuvertpris inkl. konsert: 400,- Begrensa antall plasser, vær tideleg ute!

Ting plass på e-post: patrick@mandelhuset.no

Busstilbod:

Haldeplass

Tur

Retur

Onarheim skule

21:15

 

Lunde (ved senteret)

21:35

 

Våge (i vegen over MH)

 

02:00

 

 

Billett kan kjøpast på bussen, tur/retur 100,- kr. 

 

-Patrick Madsen-