Publisert av:
17/9/2012 12:54
Bli med!
Fleire har vore med på dette i alle desse åra. Eldstemann, Tor Ottersen, er mellom dei som trufast stiller opp. I ein alder av 79 år har han også denne hausten møtt fram og har allereie greidd krava på ein solid måte. Han har i løpet av desse fått både statuetten, kruset og andre utmerkingar.
Dei som vil ta idrettsmerket kan møta fram på idrettsbanen ved Tysnes skule både fyrstkomande onsdag 19. september og neste onsdag 26. september, begge dagar kl. 18.00.