Blå time

Publisert av:
13/3/2010 12:54

Det gror på Tysnes av musikktalent for tida. Rett nok bur fleire av talenta utanfor øya, men dei må nok vera inspirerte av oppvekst og natur vil eg tru. Sist eg skreiv noko var det om Stine Larsen, – no er det altså Bernhard Auran. Eg veit det er fleire, så me må nok presentera dei med tida.

 

Bernhard samlar opp stoff til ei komplett innspeling, for tida er det smakebetar å høyra på http://www.myspace.com/bernharda

 

Med ei fantasifull vinkling på akkordar og ei sers følsam stemma står han etter mi meining for noko nytt. Flott musikk er alt eg kan sei. Alle opptake er tatt opp utan å ’dubba’, altså direkte inn på ’tapen’. Alt er gjort heima hos han sjølv, med relativt enkelt utstyr. Kan mogleg kategoriserast som visepop, – eg vil heller sei at det ikkje er nokon ’bås’ i det heile fordi det er uventa fantasifullt og spennande.  Det heile er skapa av leik med akkordar og klangar.

 

Når Bernhard ikkje lagar musikk heime i stova studerar han praktisk pedagogikk i utøvande musikk på Grieg akademiet. Dette er fagutdanning i musikk som kjem til nytta både i jobb og som skapande musikar.

Me ser fram til fleire ’låtar’ på myspace Bernhard, og lukka til med prosjektet.