BKK i forhandlingar med Tysnes Kraftlag
28/1/2018 19:27
Fordelane vert større en ulempene
Intervju med Elverksjef/dagleg leiar i Tysnes Kraftlag Lars Enes.
BKK er som kjent i forhandlingar om å overta Tysnes Kraftlag. I den forbindelse tok Tysnesingen ein liten prat med daglig leiar Lars Enes.
Korleis vert det med beredskapen lokalt på Tysnes med BKK som eigar?
Beredskapsvakta på Tysnes vil vere som før, berre at henvendelsane må gå via BKK sin driftssentral. Beredskapen vil vonleg verta like god som før. BKK kan og tilføre Tysnes ressursar i ein eventuell storm, som for eksempel i 2015 då stormen «Nina» herja vilt på Vestlandet. Tysnes Kraftlag fekk då noko hjelp frå Fitjar Kraftlag for å kunne rydde under skadane.
Tysnes Kraftlag har i mange år vore flinke til å ta inn lærlingar, og fulgt dei opp med fast ansettelse etter fullført fagbrev. Enes seier at ein fortsatt vil halde fram med å ha lærlingar. Dei vert då tilknytt BKK sitt lærlingesenter. Slik kjem dei inn i ein større organisasjon , og vil kunna dra nytte av det i opplæringa , og då i regi av BKK, få større utfordringar og i områder utanom Tysnes.
BKK sitt system vil då vere styrande på Tysnes, og avgjerder som som tidligare har vore tatt i administrasjonen hos Tysnes Kraftlag, vil då verta tatt hos BKK. Men Enes vonar at fordelane totalt sett for kundane kjem til å vere større enn ulempene . Alle tjenar på at BKK overtar. Energiloven som vart vedtatt i 2016, gjer det mykje vanskelegare for små el-selskap å klare seg økonomisk.
På spørsmål om den nye ferga som skal komme, på samband Våge – Halhjem, fortel Enes at Kraftselskapet pliktar å tilføre ferja den straumen den treng, men ikkje slik at det går ut over andre kundar i nettet. Det er i prinsippet snakk om ein hurtigladestasjon for ferjer, som er om lag 100 gonger storleiken til dei hurtigladestasjonane me alt har for elbil på Tysnes. Det kjem til å ha ein kostnad på rundt 25 millionar kr. Utgifta med ladestasjonen vil verta fordelt mellom fergeselskapet og myndigheitane. Enes avsluttar med å seie at sjølv om ferga treng mykje straum, skal ikkje dette få nokon innverknad for straumkundane på Tysnes.
Foto: Tommy P. Gundersen