Bingo til inntekt for kreftsaka
27/2/2024 08:54
Søndag 25. februar vart det arrangert bingo på Onartun, til inntekt for kreftsaka.
Totalt kom det inn kr 30 300,-
Anne Marie, Jorunn og Rannveig i Kreftforeningens Innsamlingsaksjon på Tysnes ynskjer å takka alle som var med på Onartun, som kjøpte bingobrett, som sponsa med gevinstar og lokalet. Ein ekstra takk til Anne Langeland som styrte trekkinga.
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
Kreftforeningens Innsamlingsaksjon, tidlegere kalla Krafttak mot kreft, er blitt ein årleg landsomfattande dugnad.
Denne aksjonen er den nest største i Norge etter TV-aksjonen. Sidan 2006 er det samla inn over 470 millioner kroner til forskning på kreft.
Årets innsamlingsaksjon er frå 4.-10.mars.
Kreftforeningens Innsamlingsaksjon på Tysnes ynskjer å minna alle på at i neste veke, altså veke 10, er det om å gjera å få flest mogeleg opp på Blåbærhaugen. Også i år sponsar Alsaker Fjordbruk kvar registrerte tur på toppen med kr 100,-.