Bilulukke

Publisert av:
18/12/2010 13:43

Ulukka skjedde då bilen køyrte ut i grøfta og opp i ein liten skråning like ved Røde Kors sitt hus på Gjerstad. Dermed rulla den rundt og havna på taket.

Kvinna som køyrte bilen skal ikkje ha blitt alvorleg skada, melder bt.no.

Vegen vart stengt ein liten periode før Viking Redningsteneste frå Ølve kom og henta bilen. Også Tysnes brannvesen kom også til ulukkesstaden.