Biletkåseri: Takk for alt

Publisert av:
2/2/2010 08:31

Etter ein lengre pause er det populære Sundagsakademiet tilbake. Opplegget blir som før, med forskjellige foredrag på Tysnes folkebibliotek ein sundag ettermiddag i månaden. Først ut er Olav Lars Bjørkum frå Stord. Han vil halda eit biletkåseri som han har kalla “Takk for alt” – ein serie bilete om gravminne. Bjørkum har tidlegare halde eit liknande kåseri på Stord som hausta god kritikk.

Olav Lars Bjørkum er pensjonert journalist, med tidlegare fartstid i fleire aviser, sist som redaktør i Hordaland Folkeblad i 10 år. No jobbar han frilans i bladet Sunnhordland og er fotograf for kulturlivet i regionen. Bjørkum har alltid pusla med fotografi, i det siste med interesse for smale og sære tema som steingardar, rust, gravminne, vedlad, visna planter, siloar og alskens skrot, som han sjølv seier. Han har hatt to eigne utstillingar, og vore med på fleire fellesutstillingar, mellom anna med Stord Kunstlag og Harding Puls.

Som vanleg vert det ein pause undervegs, med god tid til ein kopp kaffi og ein drøs.

Tid og stad: Sundag 7. februar kl. 17, Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen.