Publisert av:
12/8/2009 06:59
Bilete på Tysnesposen
Det er mitt namn som står under på posen, men det er Tore Økland som har tatt bilete. Posen vert no produsert i Tyrkia og det vart ein liten glipp med å få endra fotografnamnet.
Bilete er frå Tuefjellet. Tore Økland seier at ein ser dette tydeleg når du kjem med ferja frå Halhjem. Då er det høgaste toppen vest for Såto.
– Det er merka løype frå Gjerstadstølen og no er det også kome opp skilt på Gjerstadstølen. Det er 589 meter høgt. Vil ein vita meir er det berre å googla: Tuefjellet opp, opplysar Økland.