Publisert av:
27/9/2009 11:43
Bil i sjøen
Bt.no melder at det i dag tidleg vart funne ein bil i sjøen mellom Årbakka og Onarheim. Den 20 år gamle sjåføren hadde gått heim etter uhellet med bilen sin.
Politiet fekk kontakt med personen som verka rusa, og det vart teke blodprøvekontroll. Bilsjåføren skal ha kome uskadd frå uhellet som skjedde rundt 7-tida søndags morgon i området Teigurane/Hauaneset.