Bibelkveldar
28/1/2016 15:44
Hardang har etter kvart vore mange gonger på Tysnes, både i kyrkjer og bedehus, seinast i 2014.
Mange kjenner han som ein gåverik person og flink til å formidla budskapet. Han har også ei god evne til å setja mot i folket han møter. Derfor er det alltid mange som møter fram der han talar. Hardang har hatt ulike stillingar som ma forkynnar og bibellærar. Han var også nokre år rektor ved Bibelskolen på Bildøy.
I dag er han i tillegg til å vera radio/TV- pastor også dagleg leiar for Kristen riksradio som etter kvart har vorte ei mediebedrift med 6 tilsette. I hovudsak produserer dei livsynsprogram for 33 nærradiostasjonar over heile Norge, samt TV-programmet «God søndag» for Frikanalen og Kanal 10 –Norge. Dei samarbeider også internasjonalt.
– Me kjenner oss glade og priviligerte over å få Johnn R.Hardang tilbake til Tysnes, og ynskjer nye og tidlegare tilhøyrarar velkommen desse kveldane seier støtteforeninga for Indremisjonen.
Arr: P7-Kristen riksradio og Tysnes støttefor. for Indremisjonen.