Berging av båtane etter brannen i natt

Publisert av: Vegard Aslaksen
18/4/2018 21:57

Onsdag føremiddag var båten “Fox Tørres” frå Samba AS og politiet på plass i Godøysund for å berga båtane som var involvert i brannen natt til Onsdag. Sjå video i saka.

Båten som brannen hadde starta i hadde teke inn mykje vatn så ein måtte foreta lensing av denne for å unngå at båten gjekk ned ved brygga.

Tresnekka som brannen hadde spreidd seg til hadde og fått store skadar i brannen men denne flaut stabilt.

Mannskapa frå Samba AS fekk i løpet av ein drøy time heist begge båtane opp på dekket til “Fox Tørres”. Sjå video av bergingsoperasjonen.