Berga eitt poeng
19/6/2011 08:02
På Vassbakken torsdag kveld møttes Njardar og Rubbestadnes. Heimelaget fekk ein knall opning då Torstein Flakke blei fint frispelt av Simon Malkenes og fyrstnemnde gjorde ingen feil åleine med keeper og 1-0.
Njardar hadde ballen mest, men måtte vidare i kampen likevel sjå seg underlegne i målprotokollen. Rubben var utruleg effektive og dei fire gongane dei var inne i Njardar sin 16-meter i 1.omgong, då scora dei fire mål! Against the run of play og då Ruben S. Lunde reduserte til 2-4 var det rett og rimeleg.
Trass i at Njardar låg under med 2-4 gjennom nær heile 2.omgongen, gav dei aldri opp. Det var ein voldsom innsats og i sluttminutta fekk dei betalt, då Daniell Hauge Hansen og Torstein Flakke scora kvar sitt og dermed blei sluttresultatet 4-4.
Utan innbytarar til denne kampen la spelarane ned eit solid stykke arbeid som berga dei eitt poeng.
Desse var med: Andreas Frøyseth, Morris Skulstad, Henrik Malkenes, Jon Enes, Vegard Frøkedal, Torstein Flakke, Aksel Lande, Andreas Langeland, Simon Malkenes, Daniell Hauge Hansen, Ruben Siglevik Lunde.
I a-lags kamp torsdag vart det 2-2 mellom Munkebotn og Njardar. Remi Khaldi scora begge måla for a-laget.