Publisert av: Martha Nygård Lande
4/7/2022 15:02
Båtlaget Njord/Tysnes sin tradisjonsrike sommar regatta vart avvikla i helga
Årets Sumarregatta er over og her kjem ein bildekavalkade og resultatlister.
Me gratulerer “Bris” med Lars Grøteide og mannskap med sigeren i Bermudaklassen og Berserk med Jan Vee og mannskap med sigeren i spri klassen.
Startpokalen og napp i Harald Dallands minnepokal vart vunne av “Mossi” med Petter Strømme og mannskap. Gratulerer.
Me mangla diverre ein båt i bermudaklassen for å få eit godkjent kretsmesterskap – MEN – det er utruleg kjekt å sjå totalt 11 vakre oselvarar med mannskap oppi på fjorden. 4 i bermuda og 7 i 8 kvm spri. Det vart totalt gjennomført 5 seilasar under tidvis krevjande vindforhold. På eit tidspunkt hadde me både sønnavind og vind fra nordvest samtidig – så både siglarar og arrangørar fekk brynt seg på taktiske vurderingar gjennom helga.
Den nye regattanemnda debuterte som arrangørar denne helga med god støtte fra Olav Andersen som har lang erfaring som regattasjef. Tryggleiksregimet var svært bra med heile 3 sikringsbåtar og god kommunikasjonsflyt på VHF gjennom heile helga. Laurdagen hadde me 2 kolsiglingar med påfølgjande bergingar som vart utført på profesjonelt vis av både mannskap og friviljuge i sikringsbåtar.
Av dei 33 siglarane som bemanna oselvarane denne helga var me så heldige å få med Jenny og Jostein som nettopp hadde gjennomført Sjøsportveko. Veldig kjekt at nye unge finn gleda av å sigla Oselvar. Dette måtte sjølvsagt markerast på premieutdelinga der dei fekk overrekt kvar sin vikinghjelm for å ha sigla Oselvar- regatta for fyrste gong.
Regattanemnda vil takka alle siglarar og alle friviljuge for eit veldig kjekt arrangement.
Link til komplette resultatlister på manage2sail:
FOTO: Elisabeth Hatteberg