Båtar til kai

Publisert av:
3/6/2011 16:37

Det ligg godt med båtar til kai ved Våge Hamn. Mange har nok tatt seg ein fridag fredag etter Kristi Himmelfartsdag og ser fram til ei langhelg.

Båtfolket har funne roen i Våge såg det ut til i ettermiddag, der folk gjekk og tusla medan andre alt hadde fått seg ein utepils på Mandelen.

Yr.no melder om bra i laurdagsvér, så det kan hende kjem fleire båtar inn til hamna.