Publisert av:
16/4/2013 13:03
Barna i fokus under Tysnesfest
CIRCUS LABORATORY
-Circus Laboratory er ein sirkusduo som jobbar for å halde nokon av dei verkeleg gode gamle sirkustradisjonane ved like, men også for å skape nokre nye.
KNØLKVALEN KAI
– ei musikalsk historie
med Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland.
Av alle dyr og fiskar som bur i havet, er knølkvalen den flinkaste til å synge og Knølkvalen Kai har ei heilt spesielt vakker stemme. Kai si stemme er så fin at alle vil høyre Kai synge. Når han syng dei vakre tonane så kjem til og med den mest beskjedne krepsen ut av skallet sitt for å høyre.
No må Knølkvalen Kai ut på ei reise i det store havet saman med mor si, Mamma Kval for å finne ein ny sommar. I havet lurar det mange farar som enorme blekksprutar med åtte lange armer og dei veldig farlige spekkhoggarane.
Førestillinga er basert på Heidi Marie Vestrheim si godnatt- forteljing “Knølkvalen Kai” i Godnattboka (Skald, 2007).
For barna er Heidi Marie mest kjend frå NRK Super, der ho har vore programleiar for blant anna Super Kviss, Fin Fredag og Julemorgon.
Saman med NRK Super-kollega Kåre Magnus Berg har Heidi Marie hatt fleire førestillingar for barn, blant anna på Litteraturhuset i Oslo (Liv på lørdag).
No har ho, saman med bandkollega Roy Ole Førland, laga barneførestillinga om Knølkvalen Kai.

KYKKELIKASSE
Dei to bestevennane Kummel og Bartolomeus bur i kvar sin kasse. Dei held på med sine daglege gjeremål; full av leik, peik og småkjekling om kven som har den beste kassen. Men ein dag dukkar ein mystisk og slu trommeslagar opp og set vennskapet på hard prøve. «Kykkelikasse» er ein morosam og sjarmerande førestilling spekka med koko situasjonskomikk, pussige sprell og masse humor for heile familien. Med Harald O. Nødtvedt, Irene Ahnell og Tor Bjørge.


IS-TID som «Ship in Kino»
Etter ein høgtidleg konkurranse om kva film som skulle visast i hamna, så var det heller liten tvil om kven som gjekk av med sigeren.
BORGATING IMPRO kjem tilbake!
Borgarting vitjar Tysnesfest med blankkvessa replikkar og slagferdige scenar. Med sitt leikande og uoppdregne improviserte teater forsøkjer skodespelarane å vinna din gunst ved å spela ut scenar basert på dine ynskjer og drøymetema – samstundes som dei utfordrar, hjelper, stikk kjeppar i kvarandre sine hjul, og byggjer kvarandre opp, for å skapa dei beste augneblunka. Kva som skal skje, kor det skal skje eller kva tid det skal skje er det ingen som veit. I improteater fins ikkje manus, men to ting er garantert;
alle typar scenar og historiar kan oppstå, og du kjem til å trekkja munnvikane minst tre centimeter oppover. Opptil fleire gonger.
Ekte magi er umogeleg å planleggja!
Om gruppa: Etablert i 2004. Består av sju vakre menn i 20-åra, der fem er skodespelarar, ein er musikar og sistemann er lydteknikar. I 2011 ble Borgarting – i kollaborasjon med Improsinane – noregsmeistrar i improvisasjonsteater!

