Barna i fokus
7/4/2011 06:33
Hans-Petter og Thor-Gærning show
Hans-Petter, kjent frå Nrk Barne-TV “Skrimmel Skrammel” og Thor-Erling, ”gærningen” frå Asgeir og Thor-Gærning- show, har gått saman og laga eit ellevilt og musikalsk show for barna og resten av familien.
Thor-Gærning ramlar ein del. Han lagar mykje lyd og det går ikkje alltid slik han ynskjer, men han er alltid blid og positiv. Hans-Petter syns det er moro å sjå at Thor-Gærning snublar rundt, og han legg titt og ofte ut feller for kompisen sin. Hans-Petter tenkjer seg nok om 2 gongar før han kastar seg ut i ting, medan Thor-Gærning ikkje tenkjer seg om i det heile. Dette fører til mange morosame og ikkje nødvendigvis planlagte episoder på scenen. Samstundes er Hans-Petter og Thor-Gærning gode venner og dei passar godt på kvarandre, akkurat slik vener skal.
I dette familieshowet kan både små og store publikummarar gleda seg over eit moro og inkluderande show. Hans-Petter og Thor-Gærning innbyr til mykje tull og tøys, og mange fengande songar. Det er duka for eit heidundrande show, der både rockefoten og lattermusklane vil få kjørt seg. Desse skal opptre laurdag på maknadsdagen.
Borgarting Impro
Borgarting Impro har kvessa sine tveegga improøkser og seilar vestover for på ny og erobra Tysnes med sitt improviserte fyrverkeri. Med sitt leikne og uoppdragne improteater prøver skodespelarane å vinne din gunst ved å spela ut scener basert på dine draumetema, samstundes som dei utfordrar, hjelper, stikker kjeppar i hjula, og byggjer opp kvarandre for å skapa dei beste improviserte augneblikka. Tilslutt avgjer du kven som stikk av med tittelen Tysnesfest sin beste improvisatør. Kva som skal skje, kor det skal skje og kortid det skal skje, veit ingen. Ekte magi er det umogleg å planleggje!
Klovnen Knut!
Klovnen Knut skal opptre i 2 dagar på Tysnes, og du vil få oppleva ein klovn av dimensjonar. Med 3 show kvar dag, som klovn, lirekassemann og omkringgåande gjøglar skal vertfall Klovnen Knut gjera det han kan for at Tysnesfest- publikumet får seg ein god latter.